Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2019

Ei gymreise av Maren Bø

Som nyutdanna idrettspedagog lurte eg litt på korleis eg skulle komme meg gjennom min kroppsøvingstime. Idrettspedagogutdanninga handlar eigentleg meir om å tilrettelegge fysisk aktivitet for menneske med spesielle behov, enn det å rettleie ein full gymsal av yrande småbarn. Og diverre gjekk fyrste time akkurat som forventa. Gymsalen vart til ei løvehule og han som ikkje ville spele fotball, ville heller rive ned sceneteppet. Resten av timen gjekk med til å diskutere drikkereglar, samt alt dei fekk lov til av den tidlegare kroppsøvingslæraren. Montessoripedagogikk, kva var det for ein slags galskap, tenkte eg. Skulle alle gjere kva dei ville heile tida. Det var jo umogleg, i alle fall i eit lagspel. Eg måtte lese meg opp. Då fann eg fort ut at Maria Montessori døydde lenge før kroppsøvinga oppstod, så ho kunne eg ikkje ringje. Alt det fine materiellet som fanst i klasserommat, var heller ikkje å finne i gymsalen. Men sjølv om Maria ikkje hadde sett opp ein einaste  ...

Fem grunnar til å satse på bokseminar av Solveig Hesvik Frøyen

I masteroppgåva mi «Å finne ei løysing saman» ved UiO har eg studert bokseminaret som undervisningsform i eit litteraturdidaktisk perspektiv. Her vil eg vise fem grunnar til å satse på denne forma for litteraturundervisning, både i Montessori-skulen og på andre skular. Å oppøve toleranse for andre Litteraturdidaktikaren Louise M. Rosenblatt skriv: «The capacity to sympathize or to identify with the experience of others is a most precious attribute» (1995, s. 32). Gjennom litteratur kan elevar møte livshistoriar som er annleis enn deira eiga historie: Historia til ein flyktning, ein cherokeegut, ein kreftpasient eller ein som berre er litt annleis. Med vårt globale samfunn i dag, er det vanskeleg å sjå føre seg noko viktigare enn å knyte band med folk vi endå ikkje kjenner. Difor er det fint om elevane får lese mykje, og får møte varierte og rike historiar gjennom litteraturen. Dette gjeld kanskje særleg i ungdomstida, som er ei usikker tid. Det kan vere med på å gi ...