Som nyutdanna
idrettspedagog lurte eg litt på korleis eg skulle komme meg gjennom min kroppsøvingstime.
Idrettspedagogutdanninga handlar eigentleg meir om å tilrettelegge fysisk aktivitet
for menneske med spesielle behov, enn det å rettleie ein full gymsal av yrande
småbarn. Og diverre gjekk fyrste time akkurat som forventa. Gymsalen vart til
ei løvehule og han som ikkje ville spele fotball, ville heller rive ned
sceneteppet. Resten av timen gjekk med til å diskutere drikkereglar, samt alt
dei fekk lov til av den tidlegare kroppsøvingslæraren.
Montessoripedagogikk,
kva var det for ein slags galskap, tenkte eg. Skulle alle gjere kva dei ville
heile tida. Det var jo umogleg, i alle fall i eit lagspel. Eg måtte lese meg
opp. Då fann eg fort ut at Maria Montessori døydde lenge før kroppsøvinga
oppstod, så ho kunne eg ikkje ringje. Alt det fine materiellet som fanst i
klasserommat, var heller ikkje å finne i gymsalen. Men sjølv om Maria ikkje
hadde sett opp ein einaste kroppsøvingsleksjon,
var ho ikkje akkurat i mot fysisk aktivitet. Det var ein bonus.
Den store utfordringa
mi var likevel fridomen. Korleis skulle eg til dømes få ein gjeng med erkeindividualistar
til å spele fotball i saman. Det kjentes faktisk
akkurat slik som skildringa til ein gammal Rosenborgtrenar: «De første 20
minuttene var bra. Etterpå så det ut som alle spillerne hadde gått på
Steinerskolen: Alle hadde sine egne ideer om hva som skulle gjøres.». Det er
vel litt ulovleg å samanlikne Steiner og Montessori, men slik var det, og villt
var det i alle fall.
Å temme ein slik
gjeng var ikkje gjort på eit blunk. Små Montessoridrypp innimellom gav meg
nokre hint. Grace and Courtesy, eller nåde og folkeskikk på nynorsk, var eit av
dei. Det gjaldt å oppdra løvene før dei kunne få fridomen sin. Så då gjekk det
nokre månadar med nøye innprinting av gymsalreglar og fair play. Det var
keisamt, både for meg og dei. Basketkorga var ikkje til å henge i, tjukkasen
var ikkje ein sofa, og nåde dei som braut «på benken-regelen».
Etter all
folkeskikken var det endeleg tid for den kjekke delen, utfoldinga og å faktisk
lære litt fag. For gym, som nå er kroppsøving, er jo meir enn å springe på
rekke og rope i kor. Maria var lur her. Tenk at ho allereie før kroppsøvinga
var påtenkt, såg nytta i lære gjennom kroppen og ikkje bare hovudet. Det er
faktisk ikkje før no at vår regjering har vedteke forslaget om ein time fysisk aktivitet
kvar dag. Og då snakkar me ikkje om vanleg kroppsøving, men meir tilsvarande
«going out» som Maria tipsa oss om i 19pilogboge.
Trikset er å røre på
seg mens du trener hjernecellene. Om kvar kroppsøvingstime får eit tema, som
ikkje treng ikkje å ha med kroppsøving å gjere, lærer ein plutseleg dobbel så
mykje. Toppen av lykke er ein multiplikasjonsstafett som barna har laga sjølv.
Å vere fri i ein
gymsal treng heldigvis ikkje vere synonymt med å gå bananas ført an av
innebandykølla. Å sjå fryden i auga til eit barn som akkurat har fått fri
tilgang til utstyrsrommet, kan inspirer dei fleste. Gjev du barna ein rockering
og litt tau, så har du plutseleg ein heilt ny leik framfor deg. Sjølvsagt nokre
gonger meir vellukka enn andre, men resultatet er verdt å vente på.
På slutten av året laga
elevane sine eigne gymtimar. Dei gav meg oppvarming, kanonball og styrketips på
rekke og rad. Sjølvstendigheita lyste, i alle fall hos dei aller fleste. Då kunne
den stakkars gymlæraren endeleg lene seg tilbake. Så var det faktisk bruk for
den nåda og folkeskikken, som kjentes så uendeleg long.
Kommentarer
Legg inn en kommentar